Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Georg Gadamer

Hans Georg Gadamer, 1900–2002, var tysk filosof, professor i Marburg frå 1937 og i Heidelberg frå 1949. På grunnlag av teoriane til Dilthey og Heidegger utvikla han ein hermeneutisk teori som knyter hermeneutikken til fenomenologien. Gadamer var spesielt oppteken av tolkingar av tekstar og meiningsuttrykk. Hovudverket hans er Wahrheit und Methode (1960).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.08.2012
Sist oppdatert: 03.08.2012