Hopp til innhold
X
Innhald

Henri Bergson

Henri Bergson (1859–1941) var fransk filosof og professor ved Collège de France. Frå om lag 1890 publiserte han skrifter som kritiserte ei einsidig materialistisk og naturvitskapleg oppfatning av tilværet.

Bergson var inspirert av Darwin og delte hans tru på ei stigande utvikling, men han meinte den også omfatta ånd. Han såg ei målretta livskraft (élan vital) bak alle levande fenomen. Bergson braut opp frå det reine naturvitskaplege paradigmet gjennom å analysere skilnaden på matematisk og opplevd tid, og sette intuisjon på lik linje med fornuft. 

Skriftene hans vart spreidde og lesne av eit stort publikum, og i 1921 fekk han nobelprisen i litteratur – og vart prisa både for dei filosofiske innsiktene og det poetiske språket dei var formidla i. Trua på livskrafta, intuisjonen og motstanden mot ein reint matematisk modell for å forstå mennesket var ein viktig impuls i den større vitalistiske rørsla ved hundreårsskiftet som ei rekkje norske forfattarar tok imot inntrykk frå.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 16.10.2018
Sist oppdatert: 16.10.2018