Hopp til innhold
X
Innhald

Herbert Spencer

Herbert Spencer, 1820–1903, var britisk filosof, sosiolog og utviklingsteoretikar. Han var ein samtidig av Charles Darwin og kom til at dei lovene som galdt for opphavet og utviklinga til artane, òg måtte kunne brukast på samfunnslivet. Dette synet utvikla han i hovudverket, A System of Synthetic Philosophy (10 band, 1860–96).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 04.08.2012