Hopp til innhold
X
Innhald

Jacques Derrida

Jacques Derrida, 1930–2004, var fransk filosof og litteraturkritikar. Teoriane hans, som er kjende som poststrukturalisme og dekonstruksjon, har sterk påverknad. Derrida påstod at det ikkje er råd å gi ei definitiv tolking av ein gitt tekst. Han brukar ein kritisk metode for å avdekkje lingvistiske og filosofiske føresetnader som er skjulte i ein tekst. Verk av Derrida er mellom andre De la grammatologie (1967) og Marges de la philosophie (1972).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.08.2012
Sist oppdatert: 03.08.2012