Hopp til innhold
X
Innhald

Jean-Jacques Rousseau

Jean-Jacques Rousseau, 1712–78, var sveitsisk filosof og forfattar, fødd i Genève, men busett i Frankrike mesteparten av livet. Han kom til Paris 1741 og fekk kontakt med encyklopedistane. To av avhandlingane til Rousseau vart lagde merke til. I Discours sur les sciences et les arts (1749) lanserte han hovudtanken om mennesket som (av naturen godt og fritt), men forderva av sivilisasjon og kultur. I Discours sur l'orgine et les fondements de l'inégalité parmi les hommes (1755) utvikla han denne tanken endå meir, men tok for seg ulikskapen mellom menneska og kva han har ført til. I Du contrat social (1762, Om samfunnspakta) utdjupa han dette. Ideane hans påverka den franske revolusjonen. Same året kom også oppfostringsromanen Émile ou de l'éducation. Han varsla ein ny æra i pedagogikken. Etter å ha vore landflyktig i England og Sveits vende han tilbake og skreiv Confessions (Bekjennelser), og Rêveries du promeneur solitaire (Den ensomme vandrers drømmer).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 04.08.2012