Hopp til innhold
X
Innhald

Jean-Paul Sartre

Jean-Paul Sartre, 1905–80, var fransk filosof og forfattar. Han utvikla ein ateistisk eksistensfilosofi med hovudvekt på menneskefridomen og på kva val og ansvar har å seie.
 
Det filosofiske hovudverket hans er L'Etre et le néant (1943). I La Critique de la raison dialectique (1969) prøver han å sameine eksistensialisme og marxisme. I den posthume Vérité et existence (1989) tek han mellom anna for seg moralske spørsmål. Sartre skreiv romanar, mellom anna den eksperimentelle La Nausée (1938).
 
Han er òg kjend for skodespela som ofte har vore oppførte i Noreg: Les Mouches (1943), Huis Clos (1945) og Les mains sales (1948). Sartre gav òg ut essaysamlingane Situations (1947–76) og sjølvbiografien Les mots (1966). I 1964 avslo han å ta imot nobelprisen. Mange av bøkene hans er omsette til norsk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.08.2012
Sist oppdatert: 02.08.2012