Hopp til innhold
X
Innhald

Johann Gottfried von Herder

Johann Gottfried von Herder (1744–1803) var ein tysk forfattar og filosof som inspirerte mange av dei nasjonale og romantiske diktarane i Tyskland og Europa elles.

Herder la vekt på det særeigne ved kvar historisk periode og ved kvar nasjon. Han forma omgrepet Volkstum, det særeigne i kvart folks kultur. I forlenginga av dette vart historikarar og kunstnarar opptekne av nasjonale særtrekk, folkemusikk, folkeeventyr og nasjonal kultur. Herder er nok noko av bakgrunnen for Ivar Aasens arbeid for norsk språk, men i tillegg var Aasen oppteken av demokratiske rettar, inspirert av opplysningsfilosofar som Herder var skeptisk til.

Medan Tyskland opplevde ei forfallshistorie frå Herder til Hitler (begge brukte ≪folk≫ i retorikken), fekk vi i Skandinavia ein særeigen kombinasjon av folkeleg kultur og demokratisk utvikling, skriv Rune Slagstad i De nasjonale strateger

Om artikkelen

Les kjeldelista til periodeartiklane om den nynorske skjønnlitteraturen.

Denne teksten er eit utdrag frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne, og er støtta av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Logoar samarbeidspartnarar nynorsk litteraturhistorie: Logo Samlaget 150 år, logo Fritt Ord og logo Sparebanken Vest.

Først publisert: 18.06.2018
Sist oppdatert: 18.06.2018