Hopp til innhold
Mezzotint-portrett av John Locke, produsert av sir Godfrey Kneller (1646–1723). Kjelde: Wellcome Collection. CC BY 4.0.
Mezzotint-portrett av John Locke, produsert av sir Godfrey Kneller (1646–1723). Kjelde: Wellcome Collection. CC BY 4.0.
X
Innhald

John Locke

John Locke, 1632–1704, var engelsk filosof og vert rekna som grunnleggjaren av den engelske empirismen (erfaringsfilosofi).
 
Medvitet til mennesket, påstod Locke, er som eit uskrive blad ved fødselen, tabula rasa: Førestillingane og ideane våre kjem først med erfaringa. Han kjempa for rasjonalisme og liberalisme og var ein banebrytar for gjennombrotet til opplysningstida. Omgrep som folkesuverenitet, rettstryggleik og maktfordeling stod sentralt hos han, og tankane hans fekk mykje å seie for USAs grunnlov.
 
Locke skreiv mellom anna verk som Essay Concerning Human Understanding (1690), Two Treatises of Government (1690) og Some Thoughts Concerning Education (1693).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2019