Hopp til innhold
X
Innhald

John Rawls

John Bordley Rawls, amerikansk professor i filosofi, fornyar av liberalistisk teori, utforska grenselandet mellom moralfilosofi og praktisk politikk og argumenterte for rettferd som viktigaste kjenneteikn ved demokratiet.

John Rawls var fødd i Baltimore, Maryland, 21. februar 1921 og døydde i Lexington, Massachusetts, 24. november 2002. Han byrja ved Princeton University i 1939 og tok bachelorgraden i 1943. Etter tre års krigsteneste var han tilbake ved Princeton i 1946 og leverte ei doktorgradsavhandling om moralfilosofi i 1950. I 1962 vart han professor ved Cornell University. Same året fekk han stilling ved Harvard University, der han underviste og forska til rundt 2000.

Rawls var oppteken av kva som får samfunnsmedlemer til å slutte opp om den politiske makta. Han såg at det amerikanske demokratiet hadde kome skeivt ut, ved at store grupper fall utanfor både politisk og økonomisk. Han kom fram til at rettferd må være berebjelken i samfunnet. I A Theory of Justice (1971) utarbeider han rettferdsprinsipp av to slag: Fridom skal sikrast med sivile og politiske rettar, likskap ved å innføre økonomisk omfordeling.

I Political Liberalism (1993) er merksemda retta mot det pluralistiske samfunnet. Spørsmålet er kva som skal til for å skape tillit mellom grupper med sprikjande verdisyn og korleis dei kan samhandle politisk. Svaret, hevdar Rawls, ligg i gruppene sin vilje til overlappande konsensus. I Folkenes lov (1999) drøftar han føresetnadene for overlappande konsensus i det internasjonale samfunnet.

I 1999 fekk han den najonale humanitetsmedaljen for å ha hjelpt ein generasjon amerikanarar til fornya tru på demokratiet.

Samfunnets fremste dygd

I innleiinga til Theory of Justice slår Rawls fast at rettferd er den viktigaste eigenskapen ved sosiale institusjonar, slik sanning er det for tanken. Same kor logisk ein teori er, må han reviderast dersom han byggjer på usanne premissar. På same måten må eit samfunn reformere eller forkaste urettferdige lover.

Rettferd er utgangspunkter for samfunnsteorien hans. Det er grunnmuren i det politiske fellesskapet og det høgaste godet staten kan streve mot. På eit abstrakt plan kan mange slutte opp om rettferdsprinsippet, men både i notid og fortid har det konkurrert med andre statsbyggjande idear. I dei siste hundreåra har doktrinar som sosialisme, kapitalisme og liberalisme hatt kvar sine svar på kva som skaper eit godt samfunn.

Ståstaden hans er USA, som i etterkrigstida var prega av borgarrettsrørsla og protestar mot økonomisk og politisk maktkonsentrasjon. Han såg at det politiske systemet ikkje fungerte godt. Det skorta på likskap og rettferd, og det var tydeleg at formelle rettar ikkje var einstydande med reelle.

Rawls uroar seg for samfunnet si samanhengskraft, og det akademiske ærendet hans er å få det liberale, kapitalistiske samfunnet på rett kurs. Det vil han gjere ved å utforme eit alternativ til den rådande utilitaristiske nytteetikken, som hevdar at ei handling er moralsk god dersom ho aukar dei samla goda i samfunnet. Problemet, hevdar Rawls, er at utilitarismen knapt diskuterer kva som er allmenne gode og ikkje bryr seg om korleis dei vert fordelte. Dette ankepunktet er sentrale tema både i A Theory of Justice og Rettferdighet som rimelighet (2003).

(Artikkelen held fram etter videoen)

Video (berre lyd): Jonathan Wolff: «John Rawls’ Theory of Justice» (engelsk, 19.33 minutt) 

Slørtesten

For å vise at rettferd er det naturlege fundamentet for samfunnet, tyr Rawls til kontraktsteori. Han utviklar ein tankemodell som har linjer tilbake til Hobbes naturrett, Rousseaus samfunnskontrakt og Kants morallov. Spørsmålet dei alle stiller, er kva som får menneske til å gi opp personleg makt til fordel for statleg makt. Svaret for Rawls, som for opplysningsfilosofane, er at menneska er rasjonelle. Dei innser at kontrakt er betre enn krig, allmennvilje betre enn einevaldsvilje, morallover betre enn individuell moral og rettferd betre enn urettferd. Vi firer på eiga makt til fordel for fellesskapet fordi det er fornuftig for alle.

Startpunktet for Rawls’ kontraktsteori er den opphaveleg situasjonen, ein tenkt urtilstand der menneska kjem saman for å meisle ut kriterium for eit godt samfunn. I ein vanleg forhandlingssituasjon er dei fleste tilbøyelege til å fremje eigne interesser på kostnad av motparten. Rawls fjernar særinteressene ved å la deltkarane vere uvitande om seg sjølve. Dei veit ikkje kva kjønn dei har, kva generasjon dei er fødde i, kva helse og evner dei er utrusta med. Alt dette er skjult bak eit slør av ukunne.

Dei som forhandlar, veit berre at samfunnsgoda er knappe og livet uføreseieleg, og det gjeld å finne ein balanse mellom maksimal sjølvutfalding og minimal risiko. Sidan alle har same behov, må ein leve saman på ein måte som gir alle same sjansen. Samfunnet må vere rettferdig. Blindtesten gjer forhandlingsposisjonen nøytral og vurderingane upartiske.

Rettferd for Rawls omfattar både fridom og likskap, og blindtesten fører til to hovudprinsipp. Det første er retten til fridom. Alle skal kunne leve slik dei vil, så lenge det ikkje krenkar andre sin fridom. Det andre er forskjellsprinsippet, som innsnevrar kravet til likskap ved å tillate ulikskap dersom det er til fordel for dei dårlegast stilte. Det skil Rawls sitt forskjellsprinsipp frå det utilitaristiske.

Av dei to rettferdsprinsippa gir han forrang til det første. Retten til fridom er ufråvikeleg. Sjølv om forskjellprinsippet skulle føre til vesentleg velferdsauke for dei fattigaste, kan ein ikkje godta praksisen dersom han går på akkord med sivile og politiske rettar. Eit anna krav er at forskjellsprinsippet berre er akseptabelt dersom alle har lik sjanse til utdanning og innverknad. Er dette kravet oppfylt, kan ein godta ulikskap som følgje av yrke og posisjonar, så sant ulikskapen kjem dei lågaste samfunnslaga til gode.

Frå abstraksjonar til institusjonar

Rawls omtalte rettferdsprinsippa som primærgode, noko borgarane har rett på i kraft av å vere borgarar, og som dei treng for å kunne leve gode liv. Primærgoda er av fem slag. Ytrings- og trusfridom er døme på rettar som ligg nær opp til FN sine menneskerettar. Rawls føyer til retten til å konkurrere om posisjonar med makt og ansvar, og retten til inntekt og formue. Det femte primærgodet er ein sum av dei andre. Det er retten til sjølvrespekt, som er nødvendig for å vere ein aktiv samfunnsborgar med tru på eigne evner.

For å oppnå rettferd må samfunnet ha høvelege institusjonar. Rawls skisserer institusjonsbygginga som ei etappevis utvikling. Etter at partane har akseptert rettferd som berande prinsipp, må dei nedfelle prinsippa i ei grunnlov, som deretter tek form av allmenne lover og detaljerte forskrifter. Så må rettsstellet og offentleg forvaltning sørgje for at rettane vert respekterte.

Staten skal ikkje berre hindre diskriminering, men aktivt arbeide for likestilling. Rawls argumenterer for ordningar som skal bøte på avstanden mellom sjanselikskap og resultatlikskap. Det offentlege må finansiere valkampar som sikrar brei politisk konkurranse mellom partia og lik tilgang til media. Styresmaktene må tilby stipend slik at alle ungdomar får råd til å ta utdanning, og dei må sørgje for ei minimumshelseteneste for alle.

Rettferd har direkte innverknad på borgarane si velferd og indirekte for heile systemet. Borgarar som opplever at samfunnsordninga er rettferdig, får tillit til makthavarane, og tilliten gjer at den politiske makta vert oppfatta som legitim. Rettferd, tillit og stabilitet er navet i det politiske tannhjulet.

Pluralisme med overlappande konsensus

Toleranse er adelsmerket til det liberale samfunnet, men livssynspluralismen set toleranse og samhald på prøve. Mangfaldet av ideologiar og livssyn, som ofte har lite felles og til tider er uforeinlege, kan splitte den nasjonale fellesskapen i ein serie parallellsamfunn.

I Political Liberalism (1993) drøftar Rawls kva som må til for å sikre tillit borgarane imellom, og mellom borgarar og makthavarar. Svaret er at alle grupper må ha høve til reell påverknad på politikken og få utteljing i godesfordelinga. Borgarane treng ikkje vere einige i alt politikarane kjem fram til, men dei må ha sjanse til å nå fram med synspunkt og kritikk. Kjenner dei seg oversedde, misser dei trua på likskap, og oppslutninga om demokratiet dalar.

Han framhevar overlappande konsensus som brubyggjar i det pluralistiske samfunnet. Sjølv grupper som står langt frå kvarandre, innser, i toleransens ånd, at dei kan ha delvis samanfallande verdiar. Kommunisten og kapitalisten kan verte einige om lønsauke, kommunisten fordi han meiner arbeidarane har rett til ein større del av den meirverdien, kapitalisten fordi han veit at godt betalte arbeidarar yter meir. Overlappande konsensus er oppnåeleg fordi det er rimeleg at deltakarane vil det, og fordi resultatet av debatten er viktigare enn grunngivinga.

Til liks med Habermas meiner Rawls at borgarane må leggje av religiøse og moralske standpunkt når dei møtest i offentleg debatt. Motivasjonen for eit vedtak kan gjerne vere religiøst, men vedtaka må vere verdslege. Ei gruppe som ivrar for kjønnsdelte skuleklassar fordi dei religiøse skriftene deira tilseier det, må heller overtyde dei andre om at kjønnsdeling aukar læringsutbytet for både gutar og jenter. Ved å omformulere dei religiøse påboda til sekulære krav, går det an å vinne politisk gehør.

(Artikkelen held fram etter videoen)

Video: «Political Theory – John Rawls», foredrag om John Rawls (engelsk, 6.33 minutt) 

Ein pragmatisk filosof

Rawls har stimulert politisk diskusjon blant fagfolk og politisk interesserte i mange land, men har òg møtt motbør. Filosofar har peikt på at han eigentleg manglar eit filosofisk fundament for teoriane sine, sosiologar at han overser diskriminering mellom kjønn og mangel på rettferd i familien.

Andre er kritiske til at han vil halde religiøse grupper utanfor den politiske diskusjonen, fordi den viktige moraldebatten då vert overlaten til grupper som ikkje vil diskutere, men diktere. På politisk hald er han mest omstridd for forskjellsprinsippet, som tillèt at dei rike stadig vert rikare.

Rawls tok omsyn til kritikken, men han var ingen revolusjonær. Formålet med filosofien hans var å gi moralomgrepa eit konkret innhald, uavhengig av politiske og religiøse doktrinar. Han levde i eit økonomisk konfliktfylt USA, og ville redde kapitalismen, ikkje avskaffe han. Menneskesynet er optimistisk. Han meiner at borgarar i rettferdige samfunn er rasjonelle og rimelege og innser at dei har eigeninteresse av å få fram overlappande konsensus. Folk ønskjer rett og slett å omgå kvarandre på ein sivilisert måte.

Kjelder

John Rawls: A Thery of Justice. Oxford 1999

John Rawls: Rettferdighet som rimelighet, redigert av Erin Kelly, omsett av Kai Swensen og med innleiing av Andreas Føllesdal. Oslo 2003

John Rawls: Folkenes lov, omsett av Jon A. Evang. Oslo 2006

Kjersti Fjørtoft: Rom for rettferdighet. Liberale utfordringer i grenselandet mellom basisstruktur og bakgrunnskultur, doktoravhandling ved Universitetet i Tromsø, 2006, uit.no: http://munin.uit.no/handle/10037/620 [lesedato 12.2.2017]

Leif Wenar: «John Rawls», Stanford Encyclopedia of Philosophy, stanford.edu: https://plato.stanford.edu/entries/rawls/ [lesedato 4.2.2017]

Peikarar

«Political Theory – John Rawls», fordrag om John Rawls (engelsk, 6.33 minutt) Jonathan Wolff: «John Rawls’ Theory of Justice» (engelsk, 19.33 minutt)

Først publisert: 25.07.2017
Sist oppdatert: 25.07.2017