Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Elster

Jon Elster (fødd 1940), internasjonalt kjend norsk samfunnsforskar og filosof, særleg kjend for arbeida sine om Karl Marx og marxismen og om samfunnsvitskapleg metode. Elster har doktorgrad frå Paris i 1972, var professor ved University of Chicago i 1984–1995 og frå 1995 professor ved Columbia University, New York.
Dei mest sentrale bøkene hans er Ulysses and the Sirens (1979), Making Sense of Marx (1985), Hva er igjen av Marx? (1988), Nuts and Bolts for the Social Sciences (1989), Vitenskap og politikk (1989), Ulysses Unbound (2000) og Explaining Social Behavior (2007).

Først publisert: 02.01.2013
Sist oppdatert: 02.01.2013