Hopp til innhold
X
Innhald

Karl-Otto Apel

Karl-Otto Apel (fødd 1922), tysk filosof som saman med Jürgen Habermas høyrer til den retninga innanfor hermeneutikken som blir kalla «kritisk hermeneutikk». Med utgangspunkt mellom anna i Ludwig Wittgensteins omgrep «språkspel» undersøkjer han den pragmatiske sida av språket for å etablere ein transcendentalpragmatikk. Apel blir saman med Habermas rekna for å ha grunnlagt diskursetikken.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.12.2012
Sist oppdatert: 21.12.2012