Hopp til innhold
Foto: Nils Vik/ Samlaget
Foto: Nils Vik/ Samlaget
X
Innhald

Knut Olav Åmås

Knut Olav Åmås, forfattar, filosof og direktør i Fritt Ord. Han skreiv den første biografien om Olav H. Hauge og har sett søkjelys på fleire kontroversielle spørsmål i verksemda som samfunnsdebattant.

Knut Olav Åmås er fødd 19. januar 1968 i Mo i Rana, men voks opp i Odda. Åmås har studert idéhistorie, administrasjon og organisasjonsvitskap. Han har hovudfag i filosofi (1996) og doktorgrad i medievitskap (2005), begge frå Universitetet i Bergen.

Frå oktober 2013 - 6. juni 2014 var han statssekretær for Høgre i Kulturdepartementet. Åmås gjekk av som statssekretær, fordi han vart tilsett som direktør i Fritt Ord.


Som journalist og kommentator har han vore tilknytt aviser som Bergens Tidende og Dagbladet. Han har vore redaktør i Universitetsforlaget (1996–2001) og for tidsskriftet Samtiden (2001–2006). Frå 2005 har han vore tilsett i Aftenposten, først som kommentator, frå 2006 som debatt- og kronikkredaktør, og frå 2008 som kultur- og debattredaktør. I Aftenposten nyttar han både bokmål og nynorsk.
Åmås har skrive og omsett bøker om filosofi, idéhistorie og kjønnsforsking, og han synt ei særleg interesse for biografien. Han var medforfattar av Det stille alvoret (1994), som er den første boka om Wittgenstein sitt opphald i Noreg. I 2001 tok han, saman med Ingar Sletten Kolloen, initiativ til stiftinga av Norsk biografisk selskap.


Mitt liv var draum (2004) er ein litterær biografi om diktaren Olav H. Hauge. Biografien, som er den første om Hauge, danna grunnlag for doktorgraden til Åmås. I tillegg til det biografiske inneheld boka ei grundig drøfting av biografien som litterær sjanger og om ulike sider ved biografisjangeren som vitskap.


I Verdien av uenighet. Debatt og dissens i Norge (2007) syner Åmås korleis ulike meiningar er viktige for å utfordre det konforme i eit demokrati. Dette synet understrekar Åmås gjennom si aktive verksemd som kommentator, der han har sett søkjelys på kontroversielle emne som homofili, antisemittisme og frivillig barnløyse.
Kjelder
Forfattarside om Knut Olav Åmås, Det Norske Samlaget, samlaget.no, http://www.samlaget.no/forfattar.cfm?id=1812 [lesedato 22.03.2010]
«Olav H. Hauge: Eit litterært liv», omtale av doktorgradsarbeidet, Universitetet i Bergen, uib.no, http://www.uib.no/info/dr_grad/2005/amasKnutOlav.htm [lesedato 22.03.2010]
Knut Olav Åmås blir statssekretær i Kulturdepartementet: http://www.nrk.no/valg2013/amas-til-kulturdepartementet-1.11300347
[lesedato 17.10.2013]

Først publisert: 22.03.2010
Sist oppdatert: 19.01.2016