Hopp til innhold
X
Innhald

Ludwig Wittgenstein

Ludwig Wittgenstein, 1889–1951, var austerriksk filosof som delar av livet budde i Noreg, i Skjolden der han skreiv fleire av dei filosofiske verka. Tractatus Logico-Philosophicus (1921), som var på berre 80 sider, var det einaste verket hans som kom ut medan han levde.
 
Wittgenstein var oppteken av tilhøvet mellom utsegn, meining og røynd på ulike område og plan. Berre med å ha grensene og det utilstrekkelege i språket klart for seg, kan ein håpe på å nærme seg ei meiningsfylt erkjenning. Andre verk som ber namnet hans, er Philosophische Untersuchungen (1953), Philosophische Bemerkungen (1964) og On Certainty (1969).
 
Videoklippet er henta frå NRK Skole, http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/687782 [lesedato 14.9.2012]
 
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 14.09.2012