Hopp til innhold
X
Innhald

Martin Heidegger

Martin Heidegger, tysk filosof som utfordra den etablerte filosofien ved å hevde at mennesket si evne til refleksjon og tenking vert til gjennom praktisk erfaring.

Martin Heidegger var fødd i Messkirch ved Bodensjøen i Sør-Tyskland 26. september 1889. Han døydde i Freiburg 26. mai 1976 og er gravlagd i Messkirch. Han gjekk på gymnaset i Konstanz for å førebu seg på prestestudiet og studerte katolsk teologi og filosofi i Freiburg i 1909–1911. Då gav han opp teologien til fordel for naturvitskap og filosofi og tok doktorgraden i filosofi i 1913.

Karrieren vart avbroten av første verdskrigen, men frå 1918 var han hjelpelærar til filosofen Edmund Husserl ved Universitetet i Freiburg og overtok professorstillinga hans i 1928. Der arbeidde Heidegger fram til 1956, bortsett frå åra 1923–28, då han var professor i Marburg, og 1946–49, då han hadde undervisningsforbod som følgje av nazifortida si.

Heidegger var inspirert av vestlege tenkjarar frå antikken til samtida, men meinte at mange av dei filosofiske innsiktene måtte prøvast på nytt. Han gav sine eigne svar på spørsmåla om kva eit menneske er, og korleis vi kjem fram til kunnskap. Forskinga gjorde at han avviste det skarpe skiljet mellom ånd og materie som prega filosofien. Han meinte at empirismen, erfaringsvitskapen, var for skeptisk til tanken si kraft, og at rasjonalismen var for skeptisk til innsikt frå sansane. I staden framheva han mennesket som handlande vesen, som lærer å tenkje gjennom praktisk erfaring. Dette er temaet i hovudverket hans, Væren og tid (Sein und Zeit) frå 1927.

Han var ein produktiv akademikar og skreiv bøker om metafysikk, ontologi (korleis noko kan vere til), tolkingslære, modernitet og diktekunst. Den filosofiske arven etter han er tydeleg i eksistensialismen og på fagfelt som teologi, psykiatri og språklære.

Væren og tid

I Væren og tid drøftar Heidegger over 1500 sider kva det vil seie å vere menneske, og endå vanskelegare: kva det vil seie å vere. Han meinte at dette grunnspørsmålet hadde vore forsømt heilt sidan antikken, både fordi det er vanskeleg å svare på, og fordi vi tek det å vere som noko sjølvsagt.

Kva inneber det at noko er? Alt vi kjenner til, er. Det finst i oss og rundt oss, men på ulike måtar. Plantar og planetar, menneske og idear er ulike former for eksistens, men berre mennesket har evne til å tenkje. For å forstå kva eit menneske er, må ein difor forstå kva som er basis for tenking.

Opplysningstida hadde slått fast at mennesket er eit rasjonelt vesen. Heidegger var einig i premissen, men spurde kva det er som gjer oss rasjonelle. Han var usamd med Descartes, som han meinte isolerte det tenkjande mennesket til eit suverent subjekt som forstår den objektive verda ved å resonnere om henne. Ifølgje Heidegger var det skarpe skiljet mellom menneskeleg medvit og den fysiske verda ei avspegling av industrisamfunnet, der menneska i aukande grad lærer å utnytte den fysiske verda, men det forklarer ikkje korleis evna til tenking vert til.

Han tok òg avstand frå Kant sitt skilje mellom tingen slik han er, og tingen slik vi oppfattar han. Heidegger tolkar tesen som at det essensielle ved mennesket er å vere observerande subjekt. Då vert sjølvrefleksjon vanskeleg, for korleis kan mennesket ha sikker kunnskap om seg sjølv dersom ein berre kan oppfatte seg sjølv som objekt? Heller ikkje kan vi ha sikker kunnskap om den ytre verda, men må nøye oss med førestillingar om tinga og handle utan empirisk erfaring. Problemet er at vi ikkje kan lite på førestilt kunnskap, argumenterer Heidegger, for det er å tenkje i kategoriar, og då sluttar vi å tolke tinga slik vi erfarer dei.

«Dasein» og «das Man»

For å frigjere seg frå etablerte tenkjemåtar i filosofien utvikla Heidegger ei rekkje nye omgrep. Ei hovudsak i forskinga hans var å forstå menneska sin særeigne måte å vere i verda på. Han kom svaret nærmare ved å kalle mennesket «Dasein» (tysk for nærvær, å vere til stades), som står for mennesket sin spesifikke og eignearta veremåte. Vi er der, i verda, som medskaparar, og vert subjekt ved å skape kunnskap om ting som er meiningsfulle for oss. Meininga ligg ikkje i tinga sjølve, eller i ideane, eller i noko gudegitt. Ho oppstår i det aktive møtet mellom menneske og materie. Verda angår oss, difor er ho meiningsfull. Og fordi ho er meiningsfull, kan vi tenkje om henne.

Handling er vilkåret for erfaring. Berre på det grunnlaget kan vi utvikle intellektuell tenking. Det vil ikkje seie at mennesket er eit vandrande intellekt. Tvert om, mykje av det vi gjer, kan vi gjere med medvitet på lågbluss. Kunnskapen sit i fingrar og føter, og om vi koplar inn hovudet, kan vi knapt gjere greie for kva det er vi kan. Tenkinga er forma av tidlegare handlingar. Vi forstår ikkje ting ved å tenkje på dei, slik Kant hevdar, men ved å bruke dei, og mennesket er ikkje i sentrum av verda, som hos Descartes, det er i verda. Filosofi er ikkje tenking over det faktiske livet, men ut frå det.

Ifølgje Heidegger kan vi vere i verda på ein eigentleg måte, der vi tenkjer heilskapleg, tek inn over oss livet i skiftet mellom fortid og framtid og innser at vi, til ein viss grad, kan velje handlemåte. Alternativt kan vi vere i verda på ein ueigentleg måte. Då lever vi overflatisk og ureflektert og gjer som dei fleste andre, «das Man».

Sanning og meining

Kva vil det seie at noko er sant? Den vanlege oppfatninga er at noko er sant dersom det stemmer med fakta. Det kan vere vanskeleg nok å avgjere i dagleglivet. Om vi seier at veggen er gul, eller at krig er eit gode, korleis kan vi vite at det er sant? Er det nok at dei fleste, eller alle, er samde i utsegna? Heidegger gjekk bakom spørsmålet om kva som er sant. Han ville finne ut kva sanning er. Svaret fann han i mennesket sin måte å vere i verda på, som eit medvite, reflekterande «Dasein». Medvitet er alltid retta mot noko. Vi ser etter føremål, og når tinga inngår i samanhengar, forstår vi gradvis meir av dei. Ein nøkkel er ein ting fordi han kan opne ei dør til eit rom der vi vil vere. Nøkkelen er sann fordi han er meiningsfull for oss.

Sanning vert til gjennom meining, og meining vert til gjennom avdekking. Då vitskapen kom fram til at det har levd dinosaurar på jorda, vart det sant. Di meir kunnskap ein fekk om dinosaurane, di sannare vart det. Like fullt ville det òg vere sant at desse dyra har funnest sjølv om vi aldri hadde fått vite om dei. Heidegger oppsummerte dette resonnementet med at sanning vert til etter kvart som ho vert avdekt.

Avdekkingslæra opnar for relativisme. Sidan menneska lever i eit bestemt samfunn i ein gitt generasjon, vert sanninga farga av tid og stad. Min måte å oppfatte tinga på er annleis enn oppfatninga til ein person i ein annan kultur eller tidsepoke, men begge vil finne eit føremål med tinga. Heidegger forklarer dette med intensjonalitet, at å sjå etter føremål er eit grunntrekk ved det å vere menneske.

Med omgrepet «Dasein» oppheva han skiljet mellom subjekt og objekt, som i formelen menneske pluss ting er lik sant. Meining og sanning ligg ikkje i kjelder utanfor den sansbare verda. Mennesket sjølv skaper meining og sanning gjennom dei jordiske erfaringane sine. Å kunne velje er ei av erfaringane. Valfridomen er avgrensa av tid og stad og individuelle føresetnader, med Heideggers ord: av det som er kasta. Men innanfor desse rammene er vi med og påverkar vårt eige tilvære.

Modernitet og nazisme

I eit essay om teknikk (1953) kritiserer Heidegger industrisamfunnet for å ha gjort alt til ressursar som kan målast og manipulerast, medrekna mennesket sjølv. Kvantitet fortrengjer kvalitet, pengeverdiar utkonkurrerer verdiar, og tenking vert nyttetenking. Mot vitskap og teknikk set han språk og kunst som alternative måtar å sjå verda på. Kunst er ikkje konsum, men ein erkjenningsprosess. Det er ikkje det skjønne, men det sanne ved kunsten som er viktig.

Særleg diktekunsten kunne opne for innsikt, og den tyske diktaren som framfor nokon forstod tidsånda og lyfta blikket utover, var Friedrich Hölderlin. I 1930-åra skreiv Heidegger bøker om den nasjonalromantiske diktaren og heldt førelesingar om hymnene «Rhinen» og «Germania». Pessimismen hos diktaren fann gjenklang hos filosofen. Begge ønskte seg tilbake til ei meir åndeleg tid, då diktarar og tenkjarar hadde ei sterkare stemme i samfunnet.

I 1933 melde Heidegger seg inn i det nasjonalsosialistiske partiet og var medlem fram til krigen var slutt. Han mislikte både materialisme, kapitalisme og kommunisme og hadde lite til overs for massesamfunnet sitt folkestyre. Somme har tolka dei nazistiske sympatiane hans som uttrykk for ein lengt tilbake til tysk idealisme, som han trudde Hitler ville gjenskape. Dei meiner at Heidegger var politisk naiv, og slett ingen antisemitt, for mange av dei nærmaste venene hans var jødar, mellom anna Hannah Arendt, og venskapen med henne varte livet ut. Etter krigen orsaka aldri Heidegger at han hadde lefla med nazismen. Som ledd i avnazifiseringa i Vest-Tyskland vart han ekskludert frå universitetsstillingar fram til 1950. Deretter heldt han fram som filosofiprofessor til 1956.

I 1985 vart det stifta eit Martin Heidegger-selskap i fødebyen Messkirch. Det har teke ansvaret for alle utgivingar av Heidegger sine verk etter han var død, i alt over hundre. Dei siste av verka er dei såkalla «svarte hefta», publikasjonar med filosofiske utlegningar og dagboksnotat frå 1931–75. Dei fire første av ni planlagde hefte kom i 2014 og 2015. I eit av dei skriv Heidegger om forholdet sitt til antisemittisme. Her går det fram at han såg på jødane som representantar for den kjølige, globale rasjonaliteten som bana veg for materialisme og kapitalisme, og at jødane mangla det nasjonale sinnelaget som Tyskland trong.

I 2012 vart det oppretta eit Martin Heidegger-institutt ved universitetet i Wuppertal.

Kjelder

Martin Heidegger: Væren og tid. Omsett til norsk og med forord av Lars Holm-Hansen. Oslo 2007

Rune Fritz Nicolaisen: Å være underveis. En introduksjon til Heideggers filosofi. Oslo 2003

Rüdiger Safranski: En mester fra Tyskland. Heidegger og hans tid. Oslo 1998

Magnus Andersen: Selvfortapelse, masteroppgåve i filosofi, Tromsø 2013, munin.uit.no: http://munin.uit.no/bitstream/handle/10037/5744/thesis.pdf?sequence=3 [lesedato 12.3.2016]

Romain Leick: Zauberer des deutschen Geistes, Der Spiegel 11/2014: http://www.spiegel.de/spiegel/print/d-125443808.html [lesedato: 24.1.2016]

Opplysningar om En mester fra Tyskland. Heidegger og hans tidnb.no: http://www.nb.no/nbsok/search?page=0&menuOpen=false&instant=true&action=search¤tHit=-1&searchString=Safranski%20%2B%20heidegger [lesedato 16.1.2016]

Først publisert: 05.07.2016
Sist oppdatert: 02.09.2016