Hopp til innhold
X
Innhald

René Descartes

René Descartes, latinisert til Renatus Cartesius, 1596–1650, var fransk filosof og matematikar, som blir rekna for å vere ein av grunnleggjarane av moderne filosofi.
Descartes bygde kunnskapsteorien sin på tvilen: Han kunne tvile på alt, unntatt på at han sjølv tvilte: Cogito, ergo sum, "Eg tenkjer, altså er eg". Det filosofiske systemet hans tek utgangspunkt i det tenkjande individet, men òg i ein ytre guddom som garanterer for at det eg intuitivt erkjenner som tenkjande, òg er sant. Hovudverk er Discours de la méthode (1637) og Principia philosophiae (1644). Innanfor matematikken grunnla han den analytiske geometrien. Det matematiske hovudverket er Géométrie. Descartes døydde i Stockholm. Han var der fordi dronning Kristina hadde invitert han som lærar og rådgivar året før.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.08.2012
Sist oppdatert: 23.08.2012