Hopp til innhold
X
Innhald

Richard Rorty

Richard Rorty, 1931–2007, var amerikansk filosof, inspirert av pragmatisme og hermeneutikk (sjå Dewey, Gadamer), noko som gjer at han av mange òg kunne oppfattast som ein brubyggjar mellom europeisk og amerikansk filosofi. 
 
Rorty kritiserte oppfatningar av språket som eit spegelbilete av røynda. Han tok til orde for å oppheve skiljet mellom litteratur og filosofi, og blir av mange oppfatta som moralsk relativist. Rorty er ein av dei mest kontroversielle representantane for amerikanske filosofi i samtida. Philosophy and the Mirror of Nature (1979), Consequences of Pragmatism (1982), Contingency, Irony and Solidarity (1989).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 04.08.2012