Hopp til innhold
Ronald Dworkin (2009). Foto: David Shankbone, Flickr.com CC BY 2.0.
Ronald Dworkin (2009). Foto: David Shankbone, Flickr.com CC BY 2.0.
X
Innhald

Ronald Dworkin

Ronald Myles Dworkin, amerikansk jurist og filosof som meinte at retten er gjennomsyra av verdiar.

Ronald Dworkin var fødd 11. desember 1931 i Worcester, Massachusetts, og døydde 14. februar 2013 i London. Han studerte juss ved Oxford og Harvard og arbeidde som jurist i New York frå 1957. Frå 1962 til han døydde var han professor ved Yale University, University of Oxford og New York University. Utanfor akademia var Dworkin ein aktiv samfunnsdebattant og bidrog flittig i amerikanske og britiske tidsskrift.

I rettsfilosofien argumenterer Dworkin for at moralske og politiske prinsipp spelar ei grunnleggjande rolle i retten. Han kritiserer difor rettspositivismen, som går ut frå eit skarpt skilje mellom rett og moral. Rettstolkinga må ifølgje Dworkin ta opp i seg spørsmålet om kva som er eit rettferdig samfunn.

Eit rettferdig samfunn må, ifølgje Dworkins politiske filosofi, møte alle borgarar med lik omtanke og lik respekt. Ut frå desse grunnprinsippa forsvarer han ein omfordelande velferdsstat, kombinert med sterke individuelle rettar til mellom anna ytringsfridom, abort og aktiv dødshjelp. Slik er han med og definerer ein venstretradisjon innanfor moderne liberalisme.

Eit sentralt tema for Dworkin er at vi ved hjelp av filosofi kan finne gyldige svar på kompliserte spørsmål innanfor juss, politikk og etikk. Han avviser at det finst uløyselege konfliktar mellom ulike verdiar. I seinare verk forsvarer Dworkin dette synet mot filosofisk skeptisisme og prøver å veve saman fridom, likskap, sanning og rett i ein større heilskap.

Dworkin fekk Holbergprisen i 2007 og Balzan-prisen i 2012.

Video: Ronald Dworkin: «Law and Political Morality», foredrag ved tildelinga av Holbergprisen i 2007, youtube.com (engelsk tale)

Kjelder

Ronald Dworkin: Taking Rights Seriously. Harvard 1978

Ronald Dworkin: Law’s Empire. Harvard 1986

Ronald Dworkin: Sovereign Virtue. Harvard 2000

Ronald Dworkin: Justice for Hedgehogs. Harvard 2011

Godfrey Hodgson: «Ronald Dworkin obituary». The Guardian, 14.2.2013

Stephen Guest: Ronald Dworkin. Edinburgh 1992

Arthur Ripstein (red.): Ronald Dworkin. Cambridge 2007

Kjetil Skjerve: «Ronald Dworkin – rett og rettferdighet» i Jørgen Pedersen (red.): Moderne politisk teori. Pax 2010

Simen Øyen og Johannes Servan: «Om moralens objektivitet og rettens integritet. Intervju med Ronald Dworkin». Norsk statsvitenskapelig tidsskrift nr. 01–02/2008, idunn.no: https://www.idunn.no/nst/2008/01-02/om_moralens_objektivitet_og_-rettens_integritet_-_simen_oyen_og_johannes_se [lesedato 8.12.2017]

Peikarar

Ronald Dworkin: «The Moral Reading of the Constitution». New York Review of Books 21.3.1996, nybooks.com 


Først publisert: 09.08.2018
Sist oppdatert: 23.04.2019