Hopp til innhold
X
Innhald

Rudolf Steiner

Rudolf Steiner (1861–1925) var filosof, Goethe-forskar og grunnleggjar av den antroposofiske rørsla. Steiner var fødd i Kroatia, i det ungarskausterrikske keisarriket. 

Han var oppteken av naturvitskap, tysk idealistisk filosofi – og særleg av Goethes naturvitskaplege skrifter. Steiner utforma eit religiøst system med vekt på reinkarnasjon, ei målretta utvikling av historia og individa. 

Han har fått kritikk for måten han avviste jødedommen på som eit avleggs system. Steiner var i Noreg fleire gonger frå 1910 og utover. Nokre nynorske forfattarar, mellom anna Marta Steinsvik, Ivar Mortensson-Egnund og Olav Aukrust, vart fascinerte av læra hans, ikkje minst teorien om at kvar nasjon og kultur hadde si eiga rolle, noko dei knytte til dei særlege kvalitetane i det nordiske.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 16.10.2018
Sist oppdatert: 16.10.2018