Hopp til innhold
X
Innhald

Thomas Hobbes

Thomas Hobbes, 1588–1679, var engelsk filosof og ein av grunnleggjarane av moderne filosofi.
 
Hobbes meinte at all erkjenning byggjer på erfaring, og at alt som finst – i sjelelivet òg – har eit stoffleg opphav. Alle handlingar har rot i sjølvopphaldingsdrifta, og "naturtilstanden" er følgjeleg alles krig mot alle. Fordi menneska innser at ein slik tilstand hindrar dei i å nå måla sine, sluttar dei seg saman i statar og overdreg makta til ein herskar som gir lover og skaper fred mellom einskildmenneska.
 
Hobbes gav mellom anna ut verka De Cive (1647), De Corpore (1655) og De homine (1658). Det mest kjende er Leviathan (1651).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.08.2012
Sist oppdatert: 03.08.2012