Hopp til innhold
X
Innhald

William James

William James, 1842–1910, amerikansk psykolog og filosof. Han grunnla det første psykiatriske laboratoriet i USA (1875). Han var bror av forfattaren Henry James.
James forfekta ein psykologi om medvitsstraumen (stream of consciousness) der elementa grip inn i kvarandre. Psykologien hans vert kalla funksjonalisme. James hadde stor påverknad på amerikansk psykologi. Filosofisk var han ein eksponent for pragmatismen.
 
Boka The Varieties of Relligious Experience (1902) fekk mykje å seie for Ola Raknes. Han omsette boka til nynorsk i 1920, med tittelen Religiøs røynsle i sine ymse former.
 
Peikarar
                                                                                                                                                                                                                                                                                                                            

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.08.2012
Sist oppdatert: 23.09.2014