Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Duns Scotus

Johannes Duns Scotus, ca 1266–1308, var ein skotsk teolog og filosof som høyrde til fransiskanarordenen. Han var ein av dei mest skarpsindige tenkjarane i mellomalderen, og hadde tilnamnet "doctor subtilis". Han står i motsetnad til Thomas Aquinas-læra mellom anna med å påstå at viljen har forrang framfor intellektet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012