Hopp til innhold
X
Innhald

Epikur

Epikur, Epikuros frå Samos, 341–270 f.Kr., var gresk filosof som grunnla ein filosofskule i Athen. Han bygde på atomlæra til Demokrit og ville fri menneska for dødsangst og lære dei å leve lukkeleg. Epikur meinte at den verkelege lukka ikkje kom frå sanseleg nyting, men frå opphøgd sjelero (atavaksia). Ei vrenging av læra hans har gjort at epikurear har blitt ei nemning for (forfina) nytingsmenneske.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 27.04.2012