Hopp til innhold
X
Innhald

Heraklit

Heraklit, gresk Herakleitos, ca 540–480 f.Kr., var ein gresk filosof frå Efesos, som vert rekna som grunnleggjaren av metafysikken. Ha la vekt på eininga mellom motsetnader og på kontinuerleg endring. Han brukar elden som bilete på den omskiftelege karakteren som verda har. Elden kunne skape seg om til dei andre elementa, slik som dei kunne skape seg om til eld. Den mest vidgjetne utsegna hans er panta rei, alt flyt. Andre er: Ein kan ikkje gå to gonger ned i den same elva, og: Krigen er far til alle ting. Av verka hans er berre brotstykke tekne vare på.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012