Hopp til innhold
X
Innhald

Lucius Annaeus Seneca d.y.

Lucius Annaeus Seneca d.y., ca 4 f.Kr.–65 e.Kr., var ein romersk filosof og forfattar fødd i Córdoba, men utdanna mellom anna i retorikk i Roma. Han var læraren til keisar Nero frå 49, ei stilling som gav han stor påverknad inntil han fall i unåde og vart tvinga til å gjere sjølvmord. Seneca høyrde til stoikarane og er kjend for dialogane og traktatane i korthoggen stil, Om livets korthet, Om vrede, Om mildhet og andre. Han skreiv òg populærfilosofiske ting og tragediar. Han har hatt mykje å seie for filosofar og forfattarar i seinare tider.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012