Hopp til innhold
Sokrates. Gravert av Paulus Pontius (1603–1658), etter Peter Paul Rubens (1577–1640). Kjelde: Wellcome Collection. CC BY 4.0.
Sokrates. Gravert av Paulus Pontius (1603–1658), etter Peter Paul Rubens (1577–1640). Kjelde: Wellcome Collection. CC BY 4.0.
X
Innhald

Sokrates

Sokrates, ca. 470–399 f.Kr., var ein gresk filosof som ved sida av Platon og Aristoteles er den best kjende i vestleg filosofihistorie, trass i at han ikkje skreiv noko sjølv. Læra hans er først og fremst kjend gjennom verka til Platon og Xenofon. Samtalen var forma hans. Det viktigaste for mennesket er ifølgje Sokrates å handle rett, men rett handling krev rett innsikt. Difor prøvde Sokrates gjennom samtalen å få menneska til å tenkje sjølve, til å sjå følgjene av påstandane sine og gjennomskode fordommane sine. Viss ein innser kva som er rett, vil den rette handlinga nærast følgje som ein konsekvens, og dermed lukka òg. Ideane hans vart vidareførte av Platon og av Aristoteles og er på den måten komne til å prege heile den vesterlandske filosofien. Sokrates vart skulda for manglande respekt for gudane og for å forføre ungdommen. Fiendane hans oppnådde å få han dømd til døden, og Sokrates valde med stoisk ro å tøme giftbegeret. Om dette fortel Platon særleg i Apologien, som inneheld forsvarstalen til Sokrates. Filosofien og forma hans kjem elles godt fram i dialogen Gorgias.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 01.10.2019