Hopp til innhold
X
Innhald

Skolastikk

Skolastikk (frå mellomalderlatin scholasticus, skulelærd person) er ei av dei filosofiske retningane som vart dyrka i mellomalderen i dei europeiske kloster- og katedralskulane.
Den tidlege skolastikken, ca 800–1200, var ei vidareføring av den teologiske filosofien til Augustin med Anselm av Canterbury som fremste representant.  
 
Høgskolastikken på 1200-talet hadde basis i at Aristoteles vart oppdaga på nytt, og var opptatt av å sameine filosofien hans med den kristne læra, representert ved Thomas Aquinas.
Seinskolastikken på 1300- og 1400-talet enda etter kvart i flisespikkeri og ordkløyving. Eit hovudtrekk var likevel at skolastikken i motsetnad til den religiøse mystikken prøvde å sameine fornuft og kristen tru.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012