Hopp til innhold
X
Innhald

Universaliestriden

Universaliestriden er namnet på ein filosofisk og teologisk debatt i mellomalderen. Striden dreidde seg om spørsmålet om allmennomgrepa (universalia) har eigen eksistens eller berre er namn på ei gruppe ting som er innbyrdes like. Striden stod mellom nominalistane som til dømes William Ockham, og realistane som til dømes Anselm av Canterbury og Thomas Aquinas. Sjå skolastikk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012