Hopp til innhold
X
Innhald

Dialektisk materialisme

Dialektisk materialisme, filosofisk, er ein term skapt av Plekhanov (1891) med grunnlag i Marx for ein ontologi som særleg rommar følgjande grunntankar: Materien finst forut for og uavhengig av medvitet, som speglar det. Materien er "dialektisk", det vil seie prega av motsetnader som kallar fram endringar fram mot nye, høgare former, slik som det organiske livet og menneskesamfunnet.
Klassiske skrifter er Dialektiv der Natur (1873–83) av Engel og Materialisme og empirio-kritisisme (1909) av Lenin.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 02.08.2012