Innhald
Ding an sich
Ding an sich (tysk), "tingen i seg sjølv", er omgrepet Kant gav den røynda som ein ikkje kan erkjenne, eit negativt omgrep, ei grenseomgrep: Verda slik som ho ikkje viser seg for mennesket, til skilnad frå Erscheinung, nemninga for fenomenet, tingen slik han viser seg for mennesket, det vil seie Ding für mich, "tingen for meg".
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012