Hopp til innhold
X
Innhald

Eksistensialisme

Eksistensialisme er ei filosofisk rørsle frå det 20. hundreåret.

Rørsla er inspirert av Kierkegaard som stiller "Existendsen" til den einskilde opp mot forsøket særleg Hegel gjorde på å skildre tilværet i allmenne og allmenngyldige omgrep.
"Existendsen" tek ikkje på seg den hegelske og all anna fornuft og rasjonalisme. Eksistensialismen bryt meir eller mindre kraftig med tradisjonen gjennom emnevalet: angsten, praten, kvalmen, ørska med meir vart gitt ei ny filosofisk tyding. Sett vekk frå bruken av ordet "eksistens" som eit nøkkelord, hadde eksistensfilosofane lite til felles. Jaspers og Marcel var kristne, Sartre og Merleau-Ponty var humanistar. Heidegger var ingen av delane. Politisk hadde dei òg vidt forskjellige syn.
Eksistensialismen har gitt støyten til ein eksistensiell teologi og ein eksistensiell psykologi i tillegg til å ha påverka skjønnlitteraturen, mellom anna gjennom forfattarskapen til Sartre.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 29.11.2012