Hopp til innhold
X
Innhald

Empirisme

Empirisme er ein erkjenningsteori som påstår at all kunnskap om røynda har opphav i sanseerfaringa. Empirismen har brodd mot dei som søkjer kunnskap gjennom tru og openberring, og mot dei som vil leie ut sikker kunnskap om verda av sjølve tanken eller fornufta, til dømes Descartes.
Retninga oppstod på 1600–1700-talet gjennom tenkjarar som John Locke og David Hume. Ei fornying av empirismen kom i det 20. hundreåret gjennom den "logiske empirismen" eller logisk positivisme, representert av mellom andre Russell (ein periode), Carnap, Hempel, Ayer.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 10.08.2012