Hopp til innhold

Fenomenologi

Fenomenologi, er eit metodologisk uttrykk i filosofien: Å skildre tinga slik dei straks viser seg for den som skildrar, utan å trekkje inn årsaker og grunnar som ligg bak.
I filosofien til Hegel er fenomenologien skildringa av korleis Ånda vert medviten om seg sjølv gjennom ei lang, motsetnadsfylt utvikling.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012