Hopp til innhold
X
Innhald

Hermeneutikk

Hermeneutikk (frå gresk hermenevein, tolke, fortolke).
I eldre språkbruk vart hermeneutikk brukt om tolking av dei heilage skriftene. 
Med filosofen W. Dilthey vart omgrepet hermeneutikk brukt om forståing av åndsvitskapane generelt: For å tolke noko må vi ta utgangspunkt i visse føresetnader. Den forståinga vi oppnår då, verkar attende på desse føresetnadene; den hermeneutiske sirkelen, jamfør Heidegger, Gadamer, Dilthey. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012