Hopp til innhold
X
Innhald

Humanisme

Humanisme (frå latin) er ein filosofi som set mennesket og dei menneskelege verdiane i sentrum. I filosofihistorisk forstand ei åndsretning som i renessansen streva etter human danning gjennom studium av oldtidslitteraturen og -filosofien. Sentrale representantar er Erasmus frå Rotterdam, Michel Montaigne og Thomas More.
Frå slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet snakkar ein om nyhumanismen med namn som Herder, Goethe, Schiller og andre. I vår tid har filosofar som franskmannen Jacques Maritain og svensken Ingemar Hedenius, stått for høvesvis kristne og ikkje-kristne humanistiske ideal.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 02.05.2012