Hopp til innhold
X
Innhald

Pluralisme

Pluralisme (frå latin pluralis, fleirtals-), brukt både som filosofisk og politisk omgrep.  

Pluralisme (frå latin pluralis, fleirtals-), lære eller teori som går ut på at røynda er sett saman av ei rekkje sjølvstendige faktorar eller kan forklarast utifrå fleire sjølvstendige grunnprinsipp; ei lære som godtek mangfald og ulikskap. Motsetnaden er monisme, jamfør dualisme.

Pluralisme er også nemninga på samfunnssystem eller politikk der ulike haldningar, syn og interesser får spele fritt mot kvarandre innafor allment aksepterte grenser.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 10.10.2017