Hopp til innhold
X
Innhald

Årsakslova

Årsakslova eller lova om årsak og verknad er ei oppfatning av at alt som skjer, har ei årsak, og at ikkje noko skjer utan grunn, men er eit ledd i ei kjede av årsaker og verknader.
Den greske filosofen Levkippos (ca 400 f.Kr.) formulerte lova slik: Ikkje noko skjer utan ein grunn, men alt skjer fordi det er nødvendig og som følgje av ei årsak.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012