Hopp til innhold
X
Innhald

Dikotomi

Dikotomi (frå gresk dikha, i to delar, og temnein, dele, skjere).
I botanikken tyder diktomi gaffelgreining hos plantar.
I filosofien tyder diktomi ei todeling av omgrepsområde, til dømes vondt–godt. Dikotomi vert òg brukt om kropp og sjel som uttrykk for den todelte menneskenaturen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012