Hopp til innhold
X
Innhald

Diskursetikk

Diskursetikk (frå latin diskurs, drøfting), ei form for etikk som legg vekt på at etiske avgjerder eller handlingsnormer skal ha grunnlag i ein open og informert diskusjon, der alle involverte partar blir oppfatta som likeverdige gjennom at dei skal ha kome til orde og ha fått fremja sine synspunkt. Diskursetikken legg vekt på å utvikle reglar for ein samtale som sikrar konsensus, noko som inneber tilslutning frå alle involverte partar. Omgrepet er knytt til filosofane Karl-Otto Apel og Jürgen Habermas.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.12.2012
Sist oppdatert: 21.12.2012