Hopp til innhold
X
Innhald

Dualisme

Dualisme, filosofisk, frå latin dualis, som inneheld to eller er todelt. 

Synsmåte som går ut på at ein treng to innbyrdes grunnomgrep som ikkje samsvarer, for å forklare tilværet, til dømes ånd og materie, godt og vondt.

Dualisme har også ei juridisk tyding: Det hovudsynspunktet at folkerettslege reglar som staten er forplikta til å følgje, først må takast opp i nasjonal lovgiving for å bli gjort til del av gjeldande rett.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 10.10.2017