Hopp til innhold
X
Innhald

Eklektikar

Eklektikar (frå gresk eklektikós, utvald), filosofisk, er ein som byggjer det filosofiske systemet sitt på eit utval av det han meiner er best frå ei rekkje andre system. Eklektisisme er nemninga på ein metode som kjenneteiknar ein eklektikar.
Elklektisme er også namnet på ei kunstretning som går ut på å låne element frå andre kunstformer, ofte brukt som negativt uttrykk for stilblanding.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012