Hopp til innhold
X
Innhald

Estetikk

Estetikk (av gresk aisthesis), eigentleg sansekunnskap, kunnskap som kjem gjennom sansane. Ordet blei introdusert av den tyske filosofen Alexander Gottlieb Baumgarten i 1750, med boka Aesthetica, som la grunnlaget for ei vitskapleggjering av læra om det skjønne eller vakre i kunsten.
Estetisk, i samsvar med lover for eller oppfatningar av kva som er vakkert eller smakfullt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.12.2012
Sist oppdatert: 21.12.2012