Hopp til innhold
X
Innhald

Filosofi

Filosofi, i oldtida nemninga for kjærleik til visdom.

Filosofi (frå gresk filos, ven, elskar, og sofia, visdom) var i oldtida nemninga for kjærleik til visdom og kunnskapar eller interesse for å søkje sanninga om verda og tilværet. Alt i oldtida skilde einskildvitskapar seg ut, til dømes matematikk. Denne prosessen har halde fram til vår tid, då mellom anna psykologien vart ein eigen vitskap.
Filosofi omfattar tradisjonelt metafysikk, erkjenningsteori, etikk, estetikk og logikk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 20.03.2013