Hopp til innhold
X
Innhald

Indeterminisme

Indeterminisme (frå latin in, og determinare, avgjere), er ein teori som påstår at det finst fenomen (hendingar, ting) som ikkje er determinerte, det vil seie avgjorde av ytre eller indre årsaker. Mange filosofar meiner at indeterminisme er ein føresetnad for den frie vilje til mennesket. Sjå determinisme.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012