Hopp til innhold
X
Innhald

Indisk filosofi

Indisk filosofi har hovudsakleg opphav i vedadiktinga (veda tyder viten) frå om lag 1000 f.Kr. Vedaene er namnet på fire tekstsamlingar. Indisk filosofi er spesielt opptatt av spørsmål om skapinga og utviklinga av verda, og opphavet og måla med tinga.
Dei første reint filosofiske skriftene er Upanishadene (om lag 800 f.Kr.), og den klassiske perioden vert rekna frå om lag 500 f.Kr. til 100 e.Kr.
Sentralt står førestellinga om brahman, verdsånda eller verdssjela, som den einskilde sjela vert identifisert med og går opp i. Dette dannar, enkelt sagt, utgangspunktet for førestellingane om samsara, det evige krinsløpet til alle ting, som òg den einskilde sjela er bunden til gjennom sin karma, det vil seie handlingane sine, jamfør sjelevandring.
Nyare indiske tenkjarar som Tagore, Ramakrishna og andre, har prøvd å sameine indisk og vesterlandsk filosofi.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012