Hopp til innhold
X
Innhald

Kasuistikk

Kasuistikk (frå latin casus, tilfelle, eigentleg casus conscientiae, samvitstilfelle).
I filosofi og teologi er kasuistikk utforsking av generelle moralreglar med tanke på korleis dei kan eller bør nyttast på einskildtilfelle, og særleg i einskildsituasjonar der det føreligg eller kan oppstå konflikt mellom to eller fleire allmenne moralbod. Kasuistisk vert gjerne brukt i tydinga spissfindig.
I medisin er kasuistikk skildringa av sjukdomsgangen til ein pasient.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012