Hopp til innhold
X
Innhald

Katarsis

Katarsis (frå gresk katharsis) tyder lutring, reinsing: I Poetikken skreiv Aristoteles at katarsis er reinsinga av sinnet. Det vil seie den kjensla av utløysing og forklaring som tilskodaren opplever når han ser ein tragedie, i samband med den frykta og medkjensla tragedien vekkjer i han eller henne. Ordet er òg brukt av Hippokrates i reint medisinsk tyding, og av Platon om reinsing av sjela.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012