Hopp til innhold
X
Innhald

Kynikar

Kynikar (frå gresk kyon, hund) var opphavleg ein tilhengjar av den kyniske skulen, ein filosofisk skule i oldtida i Hellas, grunnlagd av ein av elevane til Sokrates, Antisthenes. Dygda vert sedd på som det høgaste målet i livet, og at lukka ligg i eit dygdefullt og rettskaffe liv, enklast råd og i pakt med naturen. Diogenes frå Sinope var ein typisk representant for kynikarane. Å vere kynisk er å vere kald, hjartelaus og utan kjensler. Kynisme er ei kjenslekald åtferd, haldning eller uttale.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.03.2012
Sist oppdatert: 05.06.2013