Hopp til innhold
X
Innhald

Logikk

Logikk (frå gresk logos, ord, tale; fornuft), følgjerett; evna til å tenkje samanhengande og konsekvent, ein vitskap om prinsippa for rett tenking. Den reine logikken står svært nær matematikken. Ein skil gjerne mellom formal og dialektisk logikk. Grunnprinsippa for formallogikken vart lagde av Aristoteles, medan den dialektiske logikken er utforma av Hegel. Logisk tyder følgjerett, konsekvent; i samsvar med prinsippa for rett tenking.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 04.08.2012