Hopp til innhold
X
Innhald

Materialisme

Materialisme (frå latin materia, emne, stoff; materiale), i filosofien er teorien om at universet er materielt (stoffleg), og at det åndelege berre er funksjonar av det materielle.
Denne forma for materialisme, først representert ved Demokritos, vert ofte kalla metafysisk materialisme, og må ikkje forvekslast med den såkalla etiske materialismen, som ser på materielle gleder og sanselege nytingar som dei høgaste goda i livet, jamfør hedonisme.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012