Hopp til innhold
 Menneskerettar. Foto: totaloutnow, flickr.com
Menneskerettar. Foto: totaloutnow, flickr.com
X
Innhald

Menneskerettar

Til dei klassiske mennesekrettane høyrer rettstryggleik, religionsfridom, røysterett og ytringsfridom.

Menneskerettar er rettar som høyrer til alle menneske, uansett rase, kjønn eller religion. Ideen om menneskerettar vart særleg utvikla i naturrettfilosofien på 1600- og 1700-talet og fekk politisk uttrykk i den amerikanske menneskerettserklæringa i 1776 og erklæringa i den franske grunnlovgivande forsamling i 1789.

FN-menneskerettserklæringa av 1948 er ikkje juridisk bindande for medlemslanda. Det er derimot Den europeiske menneskerettskonvensjonen av 1950, som vart utarbeidd i regi av Europarådet. I 1976 tredde to juridiske bindande FN-konvensjonar om menneskerettar i kraft, og på den såkalla Helsinkikonferansen i FN i 1975 var erklæringa om respekt for menneskerettar eitt av dei viktigaste punkta.

Til dei klassiske mennesekrettane høyrer rettstryggleik, religionsfridom, røysterett og ytringsfridom. Etter kvart har andre sentrale politiske og sosiale rettar òg kome med.

Peikarar

Den europeiske menneskerettskonvensjonen med protokollar, norsk omsetjing

Offisiell nettstad for Den europeiske menneskerettskonvensjonen

Verdserklæringa om menneskerettar i FN

FN: Temaide om menneskerettar 

Menneskerettslova (Lov om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett)

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 17.07.2018